Legevaktlegen sin respons ved raud respons

Prosjekt Avdeling: Uni Research Helse (gruppe: Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin) periode: fra 01.07.18

Om prosjektet

Skader og ulykker er eit alvorleg folkehelseproblem i mange land. I Norge dør 2500 menneske kvart år som følge av ulykker, og mer enn 12% av den norske befolkninga blir behandla av lege på grunn av skader.

Ein alvorleg skada pasient treng rask triagering, nødvendig behandling på skadestad og transport til sjukehus for endeleg behandling. I Norge tar både legevaktlege frå primærhelseteneste, og ambulansepersonell og luftambulanse besetning frå spesialisthelsetenestene del i prehospital akuttmedisinsk skadebehandling. Andre land organiserer prehospital akuttmedisinsk teneste ulikt oss, mange utan involvering av allmennlegar eller primærhelsetenesta.

Ein kan diskutere kva rolle allmennlegar bør ha i prehospital akuttmedisinsk skadebehandling. Effekten av å ha legevaktlegen til stades på skadestaden er ukjent. Det er difor viktig med vidare studiar for å avklare effekten.

Hensikten med prosjektet er å studere legevaktleger sin respons på raud respons alarm frå AMK i forbindelse med alvorlege ulykker.

I første del vil ein undersøke innhaldet i primærmeldinga som blir sendt frå AMK i alarmen over nødnettet, og i kva grad denne meldinga oppfattast som nyttig når legevaktlegen skal ta stilling til eventuell utrykking - saman med ambulanse.

I andre del vil ein studere om faktorar ved pasient, lege, legevakt, tidspunkt, avstandar og geografi - kan påverke legen sin avgjersle om å rykke ut.

I tredje del vil ein undersøke om nærvær av legevaktlege på skadestad har effekt på den vidare handteringa av disse pasientane.

cp: 2019-10-18 02:15:38