Kronikk: Mobiliseringskrafta i sosiale medier

Innsamlingsaksjonen på Facebook til inntekt for Leger uten grenser er av dei meir sjeldne, skriv forskar Ivar Eimhjellen i dette innlegget.

Den nyleg avslutta innsamlingsaksjonen til inntekt for Leger uten grenser (LUG) på Faceook har gjeve oss eit svært godt bilete på den mobiliseringskrafta som kan ligge i sosiale medier. Ved hjelp av Facebook kan enkeltpersonar spontant sette i gong innsamlingsaksjonar som på kort tid kan få inn store beløp. Dette viste Camilla Ahamath frå Bergen oss for to veker sidan. Inspirert av eit Facebook-innlegg frå Sjur K. Almskår i Trondheim oppretta ho ein innsamlingsaksjon på Facebook til inntekt for Leger uten grenser kl. 21.07 ein fredag kveld.

Etter eit døgn var det kome inn tre millionar kroner, og etter 48 timar var summen oppe i ti millionar kroner. Aksjonen vart avslutta tysdag kl. 10.00. Då hadde over 79.000 personar til saman donert 16.737.117 kroner til Leger uten grenser gjennom innsamlinga på Facebook. I tillegg hadde mange donert via Vipps og direkte til organisasjonen sitt kontonummer i tilknytning til aksjonen.

Det samla resultatet av innsamlingsaksjonen vart heile 17.555.117 kroner frå over 80.000 nordmenn, noko som truleg er det største beløpet til ein ideell/frivillig organisasjon som er samla inn på denne måten i Noreg.

Sosiale medier har i eigenskap av å vere både medier og nettverk skapt nye informasjonskanalar, deltakingsarenaer og mobiliseringsverktøy for denne type kollektiv handling. Dei har på denne måten vorte ein ny infrastruktur for organisering og mobilisering av samfunnsengasjement.

Eit særtrekk er her at enkeltmenneske, ved hjelp av sosiale medier, har fått auka sine moglegheiter til å sjølv å mobilisere og organisere aksjonar, utanom etablerte medie- og organisasjonskanalar.

Gjennom våre digitale sosiale nettverk kan oppfordringar om å bidra spreie seg svært raskt og til svært mange gjennom såkalla «viral» spreiing. Når oppfordringar om engasjement kjem frå venner eller venners venner, når ein ser andre sine bidrag og når andre igjen kan sjå dine eigne bidrag så kan det skape ein ekstra sterk vilje til å bidra.

Ahamath sin aksjon kan også vere eit uttrykk for ei stor gjevarglede generelt i Noreg, der 77 prosent av nordmenn bur i hushald som har donert pengar til ein ideell/frivillig organisasjon siste året. Internasjonalt orienterte organisasjonar, slik Leger uten grenser, er også er den vanlegaste organisasjonstypen å donere pengar til. Dei nye innsamlingsformene i sosiale medier passar på denne måten godt i Noreg, med ei svært Facebook-aktiv og bidragsvillig befolkning.

Sjølv om innsamlingsaksjonar på nett og i sosiale medier blir meir og meir vanleg, så er likevel Facebook-aksjonar på storleik med den Ahamath sette i gong av dei meir sjeldne. Det er no svært enkelt å sette i gong aksjonar, men utfalla vil variere. Noko av det viktigaste bak ein vellukka innsamlingsaksjon generelt vil jo vere saka den gjeld, korleis den blir presentert og korleis dette treff befolkninga.

Også merksemd frå etablerte medier og organisasjonar vil påverke utfallet av slike innsamlingsaksjonar. Om ein Facebook-aksjon klarer å nå eit visst omfang vil også etablerte medier fange den opp og kunne gje aksjonen ytterlegare merksemd. Dette såg vi også under førre helgs aksjon som fekk over 80 medieoppslag (nett, papir, tv, radio) undervegs, noko som truleg var med på å auke engasjementet ytterlegare.

Sosiale medier har på denne måten vorte eit supplement til eksisterande måtar å mobilisere og organisere innsamlingsaksjonar og andre kollektive handlingar på. Dei erstattar neppe etablerte organisasjonar eller mobiliseringsformer, men er nyttige supplement, ikkje minst for enkeltpersonar eller uformelle grupper som ynskjer å mobilisere raskt til kollektiv handling.

Merknad: Kronikkforfattaren er svoger til Camilla Ahamath.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.
 


2. april 2018 10:12

Personer involvert

cp: 2018-07-16 18:17:28