Ein av tre ungdomar opplever smerter minst ein gong i veka

Plager som vondt i mage, hovud og rygg er svært vanleg blant ungdom. Ungdomar frå familiar med dårlegare økonomi enn andre opplever meir plager.


Av Rune Rolvsjord

 

Dette kjem fram i undersøkinga ung@hordland utført ved RKBU Vest, Uni Research Helse, der 10.000 ungdommar på vidaregåande skular i Hordaland svara på spørsmål om eiga helse.

Blant 17-19-åringar var smerte i nakke/skulder og mage dei vanlegaste plagene.

Meir enn ein av tre ungdomar opplevde minst ei helseplage kvar veke, og ein av fem opplevde minst to plager i veka.

I tråd med tidlegare studiar rapporterte jenter meir plager enn gutar – meir enn dobbelt så mange jenter som gutar opplevde minst ei plage i veka.

Nokre har meir plager enn andre

I studien kjem det og fram at ungdomar med mor eller far med låg utdanning, eller som opplevde sin familieøkonomi som dårlegare enn økonomien til andre, hadde meir plager.

-Me veit ikkje kvifor ungdom frå familiar med lågare sosioøkonomisk status har meir plager, men det kan vera knytt til dårlegare helsevaner, seier Makalani Myrtveit Sæther. Ho er førsteforfatter av studien som er publisert i Scandinavian Journal of Public Health .  

-Tidlegare studiar har vist at ungdomar frå familiar med låg sosioøkonomisk status sjeldnare et frukost, trenar mindre og røykjer meir. Slike vanar heng tett saman med helseplager.

Ikkje nødvendigvis teikn på sjukdom

-Ungdomar som opplever smerter og andre plager skal bli tatt på alvor, fortel Myrtveit Sæther.

-Likevel, når så mange opplever plager kva einaste veke, kan det sjå ut som om plager er ein vanleg del av livet også i ungdomsåra, og ikkje alltid eit teikn på sjukdom.

Myrtveit Sæther meiner det «vanlege og ufarlege» med plager bør kommuniserast betre til ungdom, samtidig bør ungdomar med uheldige helsevaner få vegleiing og stønad.

-Overdriven bruk av helsetenester for å finna forklaring på plager kan føra til meir heller enn mindre bekymring og angst, og gjera plagene meir framtredande.


21. juli 2017 13:06

Personer involvert

cp: 2017-12-18 00:18:09