ASEBA - Stavanger

Kurs av: Uni Research Helse / RKBU Vest - Regionalt kunnskapssenter for barn og unge fra: 20.11.19 - 20.11.19, 0900 - 1500

Om arrangementet

Kurs i ASEBA i Stavanger

Achenbach Systems of Empirically Based Assessment (ASEBA) er eit sett med spørjeskjema for kartlegging av mental helse og/eller utviklingsavvik hos barn 1,5 – 18 år. Det er eit sett for barn 1,5 – 5 år og eit for 6 – 18 år. For dei minste barna er det det eit foreldreutfyllingsskjema og eit for førskulelærar. For dei større barna er det eit skjema for foreldre: Child Behavior Checklist (CBCL), eit for lærar: Teacher Report Form (TRF) og eit sjølvutfyllingsskjema for ungdom 11 – 18 år: Youth Self Report (YSR)

ASEBA har vore utvikla sidan tidleg på 1980-talet og har kome i fleire revisjonar. Det vart fort omsett til norsk og teke i bruk av mellom anna BUP og i PP-tenesta. Det er mykje forsking på ASEBA og har tilfredsstillande måleeigenskapar, men versjonen for dei minste barna er framleis lite undersøkt. Les meir om ASEBA her: http://www.psyktestbarn.no/CMS/ptb.nsf/pages/cbcl

Innhald i kurset:

Det teoretiske rasjonale bak ASEBA og tilsvarande instrument

Oppbygginga av ASEBA

Praktisk bruk

Skåring

Vurdering av validitet

Tolking av resultat

Målgruppe: Tilsette spesialisthelsetenesta, barnevernet, Bufetat og andre som arbeider med behandling eller hjelpetiltak for barn og familiar.

Tal plassar: 25 stk.

Forelesar: Psykologspesialist og høgskulelektor Arnold Goksøyr

Tid: 20. november 2019   kl. kl. 9-15 

Påmeldingsfrist: 10. november 2019                                                                                                                           

Stad:  Statens hus, Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger

Arrangør:  RKBU Vest - NORCE

MELD DEG PÅ

Kontakt

cp: 2019-11-15 22:16:40