Working Model of the Child Interview, Bergen

Kurs av: Uni Research Helse / RKBU Vest - Regionalt kunnskapssenter for barn og unge fra: 04.02.19 - 21.03.19, 0900 - 1500

Om arrangementet

Kurs i Working Model of the Child Interview (WMCI)

Dette er eit semistrukturert intervju til å kartlegge foreldre sine indre arbeidsmodellar (IAM), og korleis dette påverkar samspelet. Intervjuet er utvikla av Charles Zeanah & al. (1994) og er basert på tilknyting- og kommunikasjonsteori. Det er publisert minst 26 vitskaplege artiklar i internasjonale tidsskrift, og det finns fleire norske masteroppgåver om det.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Målgruppe: Tilsette spesialisthelsetenesta, barnevernet, Bufetat og andre som arbeider med behandling eller hjelpetiltak for familiar.

Tal plassar: 20 stk

Forelesar: Psykologspesialist og høgskulelektor  Arnold Goksøyr

Tid: 4.- 5. februar 2019 og 21. mars 2019, kl. 09.00 - 15.00 alle dager

Påmelding:  innan 11.  januar 2019

Stad:  RKBU Vest, Nygårdsgaten 114

Arrangør:  RKBU Vest

Kurset er gratis. Lunsj er ikkje inkludert

MELD DEG PÅ

Intervjuet tek omtrent 1 time å gjennomføre og passar best for foreldre til førskulebarn, men tilpassa versjonar kan brukast i svangerskapet, for fosterbarn og for adoptivbarn. I klinisk arbeid kan det brukast for barn opp til puberteten. WMCI har i alt 16 skalaer og gir ei overordna klassifisering av foreldre sine representasjonar som balansert (trygg), uengasjert (unngåande) eller fortegnet (ambivalent).

Kurset er på 2 + 1 dag som ikkje er samanhengande.
Dag 1: Teoretisk grunnlag, oppbygging av intervjuet og praktisk øving på gjennomføring.
Dag 2: Gjennomgang av skåringssystemet. Trening i å skåre.

Dag 3: Trening i å skåre og endeleg klassifisering. Tolking av intervjuet til klinisk bruk. 

Deltakerane vert oppmoda til å øve seg på gjennomføringa av intervjuet saman med ein kollega eller frivillig før 3. kursdag.

Deltakarane får tilsendt litteratur og korte instruksjonsfilmar ein bør gå gjennom før kurset tek til. På første kursdag får ein intervjuet i norsk omsetting og norsk manual, og på 3. kursdag får ein meir litteratur og fleire instruksjonsvideoar.

Kurset er opplæring i klinisk bruk av WMCI. Det gir ikkje sertifisering til bruk i forsking. Kursbevis til dei som deltek alle 3 dagane.   

Kontakt

cp: 2018-12-12 19:16:53